Varg Veum åpner Vossa Jazz 2008

Namnet er Veum. Varg Veum. Eg er privat etterforskar, den billegaste du kan kjøpe, men den dyraste du kan få slengd etter deg. Normalt snakkar eg bergensk. På film snakkar eg austlandsk. Men kvar gong eg kjem til Voss, er det som om eg vert gripen av ein nynorskdemon, og etter nokre få augneblink talar eg målet hans Per Sivle så det ljomer mellom husveggene. Det kan vere det er det opprinnelege opphavet mitt i Sunnfjord som slår ut på dette viset; det kan ha andre grunnar. "Verdi er vid, men Veum ser vidare," seier dei heime, men eg vil leggje til: Aldri ser eg så vidt som på Voss, og aldri så vidt som under Vossa Jazz. Aldri er det så mange globetrottarar her som i dei dagane.

Namnet er Veum. Varg Veum. Eg løyser problema dine, frå dei enklaste, som det å finne hunden din når han har rømd heimafrå, til dei mest kompliserte, som det å fortelje deg kva meininga med livet er. Alt eg krev, er at du betaler honoraret mitt. Det kan då ikkje vere for mykje? Eller?

I 1993 hadde eg eit oppdrag for Vossa Jazz. Den amerikanske trompetisten Don Cherry skulle spele på festivalen om fredagen, og rett før han var venta til Voss, hadde han vore i Amsterdam, uvisst av kva grunnar, men ein tenkte jo sitt, på kontora til Vossa Jazz. Han skulle ha tatt toget ut til Schiphol måndag kveld, men etter det hadde ingen sett han. 

Torsdag hadde eg ein desperat Lars Mossefinn på telefonen: Kunne eg hjelpe ein jazzfestival i naud? – Ja, no speler eg veldig dårleg trompet, svarte eg. – Med å finne karen! spesifiserte Mossefinn.

Eg tok saka. Den var ikkje blant dei vanskelegaste eg hadde hatt. Eg tok ein telefon til ein kjenning eg har på Flesland, og fekk konstatert at ein passasjer ved namn Don Cherry hadde kome til lufthamna med fly fra Amsterdam på tysdag morgon, vandra skuldlaus forbi både tollarar og andre syndarar og ikkje late nokre andre spor etter seg enn namnet på passasjerlista. Eg tok ein ny telefon til ein eg kjenner i NSB og fekk via omveger høyre at jo, ein mann som svarte til den utsjånaden eg hadde fått oppgitt frå Mossefinn, hadde gått på toget til Voss alt tysdag ved middagstider.

Svaret på mysteriet var enklare enn nokon på Voss hadde trudd. Don Cherry hadde sjekka inn på hotellet tysdag ettermiddag, halde seg på rommet utan å gå ut i det heile tatt, og all maten hadde han fått bringa til seg opp dit. Eg fekk sjølv gleda av å høyre han spele på Vossevangen fredag kveld, og det skal seiast med tyngde: Han spelte som ein storegut på den vesle trompeten sin.

Sidan den gong hadde eg ei høg stjerne på Voss, trudde eg. Men so var det dei miserable hendingane for to år sidan, då eg endå ein gong gjesta Vossa Jazz. Det byrja med at eg fann ein av hovudsponsorane dauddrukken på eit av romma på Park med budsjettet for årets festival som ein nyskriven nekrolog utover senga, og då eg gjekk ut på badet for å finne ein våt handduk til han, fann eg revisoren hans i det fulle badekaret, med alle kleda på, men daud som ein dommedagsprofet dagen etter. Det vart ikkje betre av at eg kunne syne lensmannen spor som førte til ein framståande politikar, også han godt drukken, men ikkje verre enn at han sat bak rattet på bilen sin på veg mot Granvin og videre austover med ein koffert full av penger, fleire penger enn dei nokon gong hadde sett i administrasjonen til Vossa Jazz. Det var det kommunale overskotet frå Ekstremsportveko på Voss året før og hadde vore øyremerkt anna kulturverksemd, som til dømes … Eg seier ikkje meir.

Merkeleg nok vart det aldri nokon stor sak av hendingane. Sjølv fekk eg klar melding frå lensmannsetaten på Voss om at eg aldri meir var velkomen attende. Så klar var denne meldinga at sjølv i år, to år etter, stod dei og venta på meg då eg gjekk av toget i formiddag, langt mindre anonym enn Don Cherry hadde komen i 1993. Ikkje mindre klar var bodskapen eg fekk: Kom deg attende til Bergen, Veum, med det fyrste og beste toget.

Så før eg fer, roper eg til alle som kan høyre, frå der eg står og lener meg ut gjennom den opne togdøra på Voss stasjon: 

"Hallaien, folkens! Med dette erklærer eg Vossa Jazz 2008 for opna! God festival, alle saman!"

Etterpå dreg eg heim, med toget attende. Namnet er Veum. Varg Veum. Men eg jagar aldri i flokk.

(Varg Veum åpnet Vossa Jazz 2008, 14. april 2008.)

Fakta

Utgivelsesdato: 2008